Mannleg politisk dumskap kan delast inn i minst fem kategoriar.

Så dumt!

POLITIKAR SOM BAJAS: Førstepremien for «klovnepolitikaren» går til den britiske blondinen Boris Johnson, skriv Stephen Walton. FOTO: Frank Augstein, AP/Pool/NTB

Her om dagen tok eg meg i å undrast over korleis til dømes Éric Ciotti kunne vere så dum. Ciotti var leiar for det vesle franske konservative partiet, som etter at Macron skreiv ut nyval til nasjonalforsamlinga, gjekk ut og varsla eit samarbeid med det høgrepopulistiske Rassemblement national. Nordiske konservative og liberale la seg i årevis på ei heilt anna linje. Dei erklærte dei lokale høgrepopulistiske for ikkje-stovereine, og lova dyrt og heilagt at dei aldri skulle ta bort i dei med ei eldtong. Så gjorde dei dårlege val, populisthøgre gjorde gode val, og vipps, dei var om bord, mens dei konservative og liberale roste seg sjølve for evna til å skaffe styringsdyktige fleirtal. Ein kan berre miste jomfrudomen éin gong, så ved seinare val måtte dei lovprise samarbeidet med populistane, og dei ureine vart plutseleg skinande reine. Ciotti låste partikollegaene sine ut av hovudkvarteret mens han plapra ut linjeskiftet sitt, og dei avsette han. No har ein domstol oppheva avsetjinga; det blir sagt at han uansett er mest interessert i å bli ordførar i Nice. Altså: Da var tabben spel for det lokale galleriet, og der treng han nett ein allianse med RN. Kanskje ikkje så dumt likevel.

Feminist javisst