Nils Henrik Smith har delt denne artikkelen med deg.

Nils har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Han kunne trille ball i hatt med kven som helst, men den personlege historia om Josip Iličić er det mest inspirerande.

Historia om å reise seg

På topp: Josip Iličić har legendestatus i Atalanta etter fleire strålande sesongar. Her har han nett skårt for Atalanta heime mot Manchester United i Meisterligaen. Foto: Marco Bertorello, AFP/NTB

Om du likar fotball, må du elske Josip Iličić. Slovenaren leikar fotball, er målfarleg frå midtbaneposisjonen sin, driblar som om han var fødd til det og serverer lekre, målgjevande pasningar. Han er tilbake i landslagsvarmen etter to år i kulda og ei turbulent, personleg reise.

Då Atalanta sjarmerte Fotball-Europa i sesongen 2019–20 og kom til kvartfinalen i Champions League, der dei tapte knapt mot Qatar-eigde Paris Saint-Germain, var Iličić sentral. Atalanta spelte deilig, offensiv fotball, skåra rekordmange mål i heimlege Serie A, der Iličić stod for 18 av 98 nettkjenningar. Han skårte òg i kampen mot Valencia i runden før dei møtte PSG, ein kamp som var svært omstridd fordi koronaviruset hadde byrja å spreie seg i byen i februar 2020. Bortekampen tre veker seinare gjekk for tomme tribunar, Iličić skårte fire mål, og Atalanta-spelarane poserte for fjernsynet med ei t-skjorte med teksten «móla mía» – aldri gje opp. Ei melding til alle som sat i heimbyen.

I Bergamo var det så gale at hæren måtte inn for å hente ut likkister. Berre i mars 2020 døydde minst 2000 personar av viruset, truleg langt fleire. Det var seks gongar fleire dødsfall den månaden enn same månad året før. Det var den hardast råka byen i Italia, eit land som sleit tungt gjennom pandemien. Det same gjorde Iličić. Han gjekk gjennom fleire depressive periodar i åra frå 2020. I 2022 var han først vekke frå fotballen i fire månadar, før han kom tilbake, spelte éin kamp for Atalanta og vart den sommaren samd med klubben om å avslutte kontrakten. 60 mål og 44 målgjevande pasningar på 173 kampar sikrar ein plass i klubbhistoria. Iličić reiste tilbake til Slovenia på hausten, signerte for Maribor og var tilbake i kamp i november. Då var han overvektig og stilte til kamp med ein godt synleg mage, som ikkje er vanleg i toppfotballen.

I den første kampen kom han innpå med eit kvarter att å spele. Ti minutt seinare fekk han straffespark, tok det sjølv og skårte. Sidan har han herja i den slovenske ligaen, og i vår vart han teken ut til lands­laget att for første gong på to og eit halvt år. I landslagscomebacket runda han ein armensk forsvarsspelar og banka ballen i krysset på tradisjonelt iličićvis. Kanskje ville karrieren vore endå betre om han hadde halde seg frisk då han var på toppen, men han fann heldigvis att seg sjølv og kunne stråle igjen. Fotball skal vere glede, og vegen tilbake frå depresjon til livsglede er inspirerande. Det er ikkje sikkert vi får sjå han ute på bana i denne meisterskapen, han såg den første kampen frå benken, men gatene vil aldri gløyme Josip Iličić.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!