Solveig Aareskjold
Tapte kulturar
Det var fint å vera ung på syttitalet, då sommarnatta var altfor lys til å sovast bort. Snart skulle sola stå opp for ein ny tidsalder med fred og glede på ei grøn jord. Me trudde i det lengste det beste om Mao-Kina, og då den korrupte sjahen av Iran blei kasta av trona, gjekk det fleire veker før me skjøna at dei alvorstunge prestane som overtok makta, drog landet ned i driten.
Grunnen til at dette var så vanskeleg å forstå, var at me var fostra opp i læra om at kulturen utviklar seg i ei jamt oppstigande linje frå barbari til sivilisasjon. Andre verdskrig hadde slutta med at rettferda sigra, Cuba-krisa blei løyst med forhandlingar mellom USA og Sovjetunionen, og det fanst ikkje lenger noko forbod mot homofili og papirlaust samliv. Demonstrasjonane mot Vietnam-krigen styrkte oss i trua på at amerikanarane snart ville måtta slutta med å vera så imperialistiske og læra seg til å respektera andre folk. Og sidan sjahen var støtta av amerikanarane, måtte det vel vera ein fordel at det innfødde presteskapet heiv han ut?
Men for svært mange iranarar var ayatollaveldet like framandt som kristendomen i vikingtida, like øydeleggjande for kvinnene, og like vondt å bli kvitt.