Påske

Her om dagen møtte eg tilfeldigvis sambuaren min på t-bana. Vi møtest jo heile tida, men likevel var det vemodig då eg etter berre tre stopp var framme ved reisemålet mitt og måtte forlate vogna. Det er litt som å høyre ein song du liker på radio. Du kan høyre den når du vil på Spotify, men du set meir pris på den når den dukkar opp ut av det blå. Det gjeld å sette pris på ting når du kan. Plutseleg kan du skli på isen og slå hovudet i ei trapp. Det er ikkje så kjekt, men den eine sin død er den andre sitt brød, pleier folk å seie. Kanskje kan det vere gode nyheiter for nokon som får vere vikaren din mens du er sjukmeldt.

Dagboka