O, Vestland
Etter Jonas Gahr Støre presenterte si nye regjering, tok det ikkje lang tid før nokre begynte å kviskra: Kva med Vestlandet? Kom det ikkje to–tre nye statsrådar frå Bergen? Ingen fleire statssekretærar, eller ein politisk rådgivar? Topp med Stoltenberg, men kor er vestlandsavtrykket på den nye regjeringa, snakka nokre om i kulissane. Enkelte også i media.
28 stillingar var i spel når nye statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar skulle ut frå Sp, skriv Bergens Tidende, som har telt kva som kom inn: ein kulturminister frå Bergen, ein statssekretær frå Osterøy, ein politisk rådgivar frå Austevoll og ein politisk rådgivar frå Gloppen. I tillegg ein svært populær kunnskapsminister frå Stavanger, om det tel med som Vestlandet. I tillegg nokre statssekretærar som har flytta frå Vestlandet og i dag bur i Oslo.
Statsminister Jonas Gahr Støre skrøyt av Bergen då han var her med landsstyret i to dagar. Han sa at fyrste gong han reiste ut i verda, gjekk turen til Bergen. Så fekk han støtte av ein professor i Bergens Tidende: Yngve Flo, som jobbar med politisk historie ved Universitetet i Bergen, sa at vestlendingane ikkje har noko å klaga over.
Anne Kari Hinna