Tunge snøfiller i håret mitt og eg er trygg. Ingen bomber kjem til å falle inn i mi seng i natt. Eg kjenner meg likevel paralysert. Fastfryst som ei tunge på eit rekkverk. Tårene mine har dryppa ned og festa seg i bakken og der vil dei bli heilt til verda er blitt god. Til verda har blitt varm. Men tårene mine reddar ingen born på Gaza når ikkje eingong mine folkevalde vil late seg rikke. Dei er òg fryst fast, men dei er tårelause, emosjonslause, menneskjeverdslause? Stopp no, men røysta mi ber ingen stad i snøvêret for den kvite materien legg seg over som dyner og døyver lyden. Døyver røysta til den er lydlaus og verda lyslaus. Stopp, men ingen høyrer. Stopp, men ingen handlar. Stopp, og dei står i minus 20 framfor Stortinget og ropar, boikottar varer, har arrangement og skriv og syng og kjempar. Kva er det som motiverer dei som står og dei som framleis sit? Korleis kan solidaritet, økonomi, samarbeid, makt og religion gi så ulike syn på verda, på menneskja, på våpenkvile, på folkemord og krig og fred? Tusenvis i Noreg reiser seg for Gaza, men ikkje dei som er i salen med det raude teppet, og det er deira fotspor i snøen vi kjem til å minnast.