Ei eiga greie: å lese eldre science fiction og kjenne det att som si eiga samtid. Ei brusande, kjølig kjensle av at forfattaren har sett det som skal komme. Som når Anna Kavan i romanen «Ice» (1967) let forteljaren rømme unna klimaendringane og gå i land ein stad der folk ikkje ensar apokalypsen som skal komme: «Ei solrik hamn glei forbi, ein travel by; eg såg breie gater, velkledde folk, moderne bygningar, bilar, yachtar […] Eg kjende ei veldig lette, det var som å komme ut i sola etter ein lang kald svart tunnell. Eg ville gløyme det som nettopp hadde hendt».
I Anna Kavans «Ice» er jordkloden erobra og nedbroten av kulde. Det same er mennesket.