Truls Gulowsen har delt denne artikkelen med deg.

Truls Gulowsen har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Høgre vil ikkje støtte regjeringa sin mineralplan for havbotnen. Partiet krev vesentlege endringar for å stemme for i Stortinget.

Seier nei til mineralplan

USIKKER: Bård Ludvig Thorheim i Høgre kan ikkje støtte stortingsmeldinga om gruvedrift på havbotnen slik ho ligg føre no. Foto: Annika Byrde, NTB

Regjeringa vil gjerne vinne ut mineral frå botnen av havet, men treng hjelp frå høgresida. Den faste samarbeidspartnaren SV er ein stor motstandar av mineralutvinning på havbotn.

Det er stortingsrepresentant for Høgre Bård Ludvig Thorheim som held i saka for partiet Høgre, og no fortel han at det ikkje er sikkert at regjeringa kan rekne med deira støtte.

– Den meldinga om havbruksmineral som regjeringa har sendt til oss, den kan vi ikkje støtte. Vi meiner at havbotnmineral er ei spennande moglegheit for Noreg, i lys av den etterspurnaden som er etter mineral i heile verda i samband med det grøne skiftet. Vi kan likevel ikkje støtte dette slik det er lagt fram, seier Thonheim.

Kvifor ikkje?

– Det handlar om miljøomsyn, og omsyn til fiskerinæringa. Vi meiner at meldinga frå regjeringa ikkje svarer godt nok på desse utfordringane, men av respekt for arbeidet som framleis går føre seg i komiteen på Stortinget, så vil eg ikkje gå inn i detaljar endå, seier Thonheim.

Klassekampen er kjent med at det for tida blir forhandla i komiteen, og at både Høgre og Framstegspartiet er i samtalar med regjeringspartia om saka.

Lønsemd og berekraft

I sommar sende regjeringa frå seg ei stortingsmelding med ein strategi for utvinning av mineral på havbotnen på den norske kontinentalsokkelen, der dei skisserer rammeverket for korleis slik gruvedrift kan foregå.

No ligg meldinga til handsaming i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, og dei skal kome med si innstilling 19. desember. Dersom dei går inn for å godkjenne meldinga, og det får fleirtal i Stortinget, ligg alt til rette for at regjeringa kan lyse ut utvinningsløyve på norsk havbotn.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet er avhengige av røystene til anten Frp eller Høgre, men leiar for energikomiteen Marianne Sivertsen Næss (Ap) vil ikkje spekulere i om meldinga kjem til å få fleirtal eller ikkje.

– No foregår det eit arbeid i Stortinget, så det vil eg ikkje spekulere i. Vårt utgangspunkt er at det er eit enormt behov for mineral ute i verda, og det er ikkje nok å berre resirkulere mineral som allereie er i bruk. Då er det gode grunnar til at Noreg skal ta eit ansvar for å sikre tilgangen til slike mineral, dersom det er mogleg å gjere på ein måte som er både lønsam og berekraftig, seier ho.

For lite kunnskap

Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad representerer Kristeleg Folkeparti i energikomiteen, og han fortel at dei har bestemt seg for at komiteen bør sende meldinga attende til regjering, og ikkje godkjenne ho no.

– Eg trur ikkje eg har vore borti eit arbeid i Stortinget før der det kjem så sterke faglege motsegn mot regjeringa som med denne stortingsmeldinga. Tunge instansar som miljødirektoratet har i høyringa sagt at det ikkje er kunnskapsbasert om regjeringa no opnar for leiting etter mineral på havbotnen. Vi veit rett og slett for lite, og det er ikkje lett å reversere det dersom det først blir opna for leiting, seier han.

Stortingsrepresentant Terje Halleland frå Framstegspartiet seier at dei i utgangspunktet er positive til å opne for gruvedrift, men at dei tykkjer at det ville vore positivt å få med seg Høgre på¨eit vedtak i Stortinget og.

Dei tek altså heller sikte på å få med seg Høgre, enn å berre sikre eit fleirtal for stortingsmeldinga saman med regjeringspartia.

Retting 1. desember 2023: Ingressen i denne saka er endra slik at deg kjem fram at Høgre ikkje berre seier nei, men krev endringar før partiet kan stemme for mineralplanen.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!