Nils Henrik Smith har delt denne artikkelen med deg.

Nils har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Connie

Førde vart kjent som Noregs styggaste by etter ein leseverdig reportasjetur Bergens Tidende gjorde i 1988. Førde, Sogndal, Måløy, Nordfjordeid og Stryn fekk alle så hatten passa under tittelen «Smakløysa sett i system». Ryktet er ufortent etter at byen har endra seg mykje dei siste tiåra, men på veg inn i styggedomen reiv førdianarane mange arkitektoniske perler. Difor er det viktig å ikkje gjere det same på vegen ut.

Fleire framifrå funksjonalistiske arkitektar står bak bygg i Førde. Nokre rivne, andre står att. Leif Grung, kjent for mellom anna Kalmarhuset i Bergen, teikna Østenstadhuset, som no er rive. Tore Sevram er mest kjent for Slettebakken kyrkje i Bergen og teikna Domus-bygget i Førde. Jan Bauck jobba saman med Nils Holter, som står bak tilbygget på Stortinget og store delar av NRK-bygget på Marienlyst, og teikna bygget NRK flyttar ut av.

Fremst av alle var Connie Henden. Det meste ho teikna i Førde sentrum av bustadhus og forretningsbygg er rive eller ombygd, men rutebilstasjonen (Firda billag) står att. Uansett har Henden sett eit merke på Vestlandet det tek tid rive ned. Leskuret ho teikna og Førde sementvare har produsert, står i hopetal langs dei norske vegane, hovudsakleg på vestlandet. Når du står tørrskodd i regnvêret og ventar på bussen langs ein vestlandsveg, kan du takke Connie Henden. Neste år ville ho vorte hundre år, og leskuret fyller femti. Å verne Firda billag bør vere sjølvsagt for sunnfjordpolitikarane.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!