Truls Gulowsen har delt denne artikkelen med deg.

Truls Gulowsen har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Ein av dei mest erfarne statsrådane er byta ut med unge og uerfarne Andreas Bjelland Eriksen (31) som ny klima­minister. Miljørørsla er skeptisk.

Bekymra over ny statsråd

PÅ SLOTTSPLASSEN: ­Andreas Bjelland Eriksen er ny klimaminister i Noreg. Foto: Gorm Kallestad, NTB

Espen Barth Eide (Ap) går frå å vere klima- og miljøminister til å bli utanriksminister, og den nye klimaministeren er tidlegare statsråd i Olje- og energidepartementet Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Leiar i Natur og Ungdom Gina Gylver er skuffa over utnemninga.

– Ja, eg er bekymra. Å få ein ny klima- og miljøminister som ikkje har synt noko utprega klimaengasjement er bekymringsfullt, seier ho.

Andreas Bjelland Eriksen er 31 år gamal, og har vore både politisk rådgjevar i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet, og statssekretær for olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

På pressekonferansen måndag føremiddag trekte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at Eriksen har mykje erfaring, sjølv om han er ung.

Han møter likevel på utfordringar allereie på sin første dag som statsråd, og må handtere ei klima- og miljørørsle som trur han får ein vanskeleg jobb.

– Det er ei ganske overraskande utnemning. Vi har spekulert i kven det kunne bli, men dette hadde vi ikkje gjetta. Det legg eit enormt ansvar på Andreas Bjelland Eriksen. Han må bevise at han ikkje er ein løpegut for olja, seier Gylver.

Ho peikar på at Eriksen fram til no har fronta både industri- og oljepolitikk, men ikkje har erfaring frå klimaarbeid. Gylver forventar at han no vert en tydeleg talsperson for å vere føre var i oljepolitikken.

– Han har fram til no jobba for ein oljepolitikk som er stikk i strid med 1,5-gradersmålet, seier Gylver.

Trur det blir vanskeleg

Leiar i Naturvernforbundet Truls Gulowsen seier at han har ganske låge forventningar til den nye statsråden. Han trur at kvar klimaminister i dagens regjering vil få det tøft.

– Espen Barth Eide var ein statsråd vi hadde store forventningar til, men som har fått til veldig lite samanlikna med det vi forventa. Det viser at dei i praksis er vanskeleg å få til noko i denne regjeringa, seier Gulowsen.

Han er likevel klar på at dei skal gje han litt tid til å motbevise dei dystre spådommane hans.

– Det er bra at Eriksen er frå ein generasjon som forstår klimakrisa, men erfaringane frå Espen Barth Eide viser at det kjem til å bli vanskeleg for han likevel. Eide var interessant å prate med om klima, men han fekk aldri det handlingsrommet han trengde for å faktisk gjennomføre ting.

Gulowsen seier at dei har høyrt rykte om at næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) takka nei til å bli klima- og miljøminister før statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) landa på å utnemne Andreas Bjelland Eriksen.

– Om det stemmer, kan jo det tyde på at Vestre vurderte at klimaministerposten er ein stad der det er vanskeleg å markere seg på ein positiv måte, seier Gulowsen.

Vil gje han ei sjanse

Leiar i miljøstiftinga Bellona Frederic Hauge seier at er for tidleg å seie noko tydeleg om kva slags statsråd Andreas Bjelland Eriksen blir, og at han vil gje han tid.

– Han må få lov til å kome på plass i jobben før vi kjem med nokon dom, seier Hauge.

– Tykkjer du at det er urovekkjande at han kjem frå oljedepartementet?

– Eg tenkjer at det ikkje kan vere diskvalifiserande for den jobben, seier Hauge.

Og også leiar i Framtiden i våre hender Anja Bakken Riise vil vente og sjå korleis det går.

– Det er jo positivt at han har god kunnskap om energipolitikk, og så får vi håpe at han klarer å bruke det til å gjennomføre ein god klimapolitikk. Han er eit uskrive blad, men eg tenkjer at vi må gje han tid til å vise kva han er god for, seier Riise.

Som klima- og miljøminister fekk Espen Barth Eide ansvar for å leie forhandlingane om auka utsleppskutt fram mot klimatoppmøtet i Dubai, COP 28, som er i neste månad. I går vart det klart at Eide held på dette ansvaret også som utanriksminister.

Nedprioriterer klima

Nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes seier at klima har blitt stadig mindre viktig for den sitjande regjeringa.

– Når dei no byter ut Espen Barth Eide med ein ung fyr, så håpar eg ikkje det er eit teikn på at regjeringa held fram med å nedprioritere klimaarbeidet. Denne regjeringa har ikkje levert det som skal til, seier Fylkesnes, og legg til:

– Samstundes er Espen Barth Eide eit godt døme på at eit tungt namn ikkje er det same som at ein statsrådspost har høg prioritet i regjeringa.

Andreas Bjelland Eriksen fekk nøklar til departementet overlevert frå Espen Barth Eide kring klokka halv tre i går måndag, og i samband med det gjorde han det klart at han vil jobbe hardt for at regjeringa skal nå klimamåla sine.

– Eg skal gjere alt eg kan for å leggje til rette for at folk der ute kan gjennomføre dei tiltaka som må til for å at vi skal nå våre klimamålsetnadar, sa Eriksen til TV2.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!