Estetikken er halve historia i Pedro Carmona-Alvarezs høgst aktuelle skildring av flukttraume.

Jenta med dobbelt blikk

Eksil: Carmona-Alvarez si nye bok handlar mellom anna om å finne eit språk for det vondaste ein har opplevd. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN

Chiquitita, tell me what’s wrong» er første linje i Abba-låta «Chiquitita» frå 1979 og epigraf i den nye romanen til Pedro Carmona-Alvarez. Den har fått tittel etter det spanske kjælenamnet som tilsvarar det norske «vesla», men i romanen, som i Abba-låta, er Chiquitita ei trist jente som treng å snakke ut. Carmona-Alvarez, etablert og bejubla forfattar i fleire sjangrar, men alltid poet, har funne eit språk som er overraskande, vakkert og gir historia mange lag.

Bokmagasinet