Ein vårdag i 1931 opna gamle Ingeborg på Rungstedlund eit brev frå dottera i Afrika som ikkje var til henne. Ho las nøye gjennom det og la ved ein lang kommentar då ho leverte det vidare til han det var meint for, sonen Thomas. Eg har gjort feil, og eg har fått mi straff, skriv ho. Eg trudde det var til det beste, men no ser eg at eg lét slekta mi verka altfor sterkt inn på dykk, og at det var aller verst for Karen.