Meitemakkane blei forvandla til nær på hundre prosent fuglesubstans.

Svarttrast­reiret

UNDERET: Det mjuke og dunete.

Då eg fylte vasskanna frå springen utanfor stoveveggen, merkte eg at nokon såg på meg. Eg kikka inn mellom dei stutte greinene på den nyklipte barlinda og møtte det trillrunde blikket til ei brun trastemor, så nær at eg kunne klappa henne på ryggen. Det gjorde eg sjølvsagt ikkje, vaksen og forstandig som eg er. Likevel flaug ho opp med redde vengeslag og øyredøyvande skvatring, og den kolsvarte ektemaken hennar kom farande ut or keisarkrossvedbusken og flaksa skjellande og smellande rett i synet på meg.

Solveigs salt