Fyrverkeri: Ragnar Hovland fyller 70 år. Romanen «Sveve over vatna» har knapt bikka 40.

På sporet av den tapte studietid

JUBILANT: Ragnar Hovland har både Brageprisen og andre prisar i bagasjen. © FOTO: KETIL BLOM Ketil Blom Haugstulen

Det er eit heilt liv, eller i alle fall eit halvt, sidan eg las Ragnar Hovlands «Sveve over vatna» første gong. Eg kan ikkje seie at minnet mitt av romanen har vore særleg skarpt. No er det ikkje alltid dei skarpaste minna som er dei beste, men det har plaga meg litt at eg har gløymt så mykje av romanen. For «Sveve over vatna» er ei bok det blir fnist, flirt og nikka innforstått om – kanskje også kremta om i nokre finare kretsar – men som det sjeldan blir sagt noko utførleg og utfyllande om. Til nød blir det sitert nokre underfundige setningar. For eigen del er det gjerne desse eg siterer, sanneleg om eg veit kvifor: «Vi laga oss litt mat. Det var ikkje mykje pålegg eg hadde, men det var ikkje så mykje brød heller, viste det seg, så det rakk.»

Bokmagasinet