Utmark – sjølve ordet vitnar om noko få av oss tenkjer over til dagen. Alle som har prøvd å omsetje utmark til engelsk – eller kva anna språk som helst – har merka at det ikkje let seg omsetje. Til det er utmarka vove så tett inn til kulturen vår, til historia like som til folkesjela og landskapet, at det ikkje let seg forstå av andre. Kanskje ligg opphavet til dei jamt tidare konfliktane i og om utmarka, i nett denne veven? Og kanskje ber den same veven på spiren åt nye alliansar mellom utmarksbrukarane.
Gjennom heile etterkrigstida har det skjedd ei diversifisering av utmarksbruken. Er tida no inne for nye alliansar?