Svermerisk: Ida Lórien Ringdal tømer litt for mykje eliksir i sin kur for kapitalismen og patriarkatet.

Ingen heksekunst

FULLMÅNE: Ida Lórien Ringdal kaster seg på heksetrenden. FOTO: JULIE PIKE Szigetvary Zsolt

Veit du korleis det er å ha ein kvinnekropp i verda? Sitje med nasen i ei bok, på bussen heim frå stranda, med badedrakt under skjørtet, og oppdage at fyren i nabosetet gnir seg i skrittet medan han stirar på deg? Jogge gjennom skogen i grålysinga, og kjenne korleis gleda over landskapet må gi tapt for uro, over kva hensikter mannen som nærmar seg bakfrå har? Viss ikkje burde du lese Ida Lórien Ringdals andre utgjeving, «Jenter på do», for den summerer det greitt opp: Menn sine handlingar og haldningar, legitimert av kulturen som omgir oss, avgrensar kvinner sine liv. Det er derfor Ringdals bok opnar med raseri. Det er derfor det er naudsynt for den unge jenta i boka å gjennomskode mønstra, naudsynt å forstå på kva for måtar ho innordnar seg, for å slutte med det, gjere opprør og krevje ei verd som er annleis. Måten boka lyftar fleire treffande poeng om dette kunne overtydd meg om å pushe den på vordande konfirmantar, uavhengig av kjønn. Men så kjem løysingane – på alt frå patriarkatet til kapitalismen – i form av litt for svermerisk månedans.

Bokmagasinet