Solveigs salt

Farleg lengsel

Bloggen er skriven med kaldt blod, men får det til å koka i følgjarane

Den norsk-tyske tv-serien «Furia» har fått velfortent lunken tilbakemelding. Like fullt har han tilløp til noko stort. Samanstillinga av Nordvestlandet og Berlin er både ein fryd for auget og ein tilforlateleg kontrast mellom kjensle og tanke, mellom vill natur og urban filosofering. Og lengten etter å høyra til i ein altomfattande samanheng har rot i våre vakraste draumar og knustaste voner. Hadde serien styrt unna dei tvangsmessige thrillerklisjeane, kunne det blitt eit drama om uroa i samtida, om heime og borte, toleranse og identitet, desse uforlikelege motsetnadene som gjer den offentlege samtalen så skvetten og sår.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Flittige hender

I Christopher Nolans film «The Odyssey» blir den skjønne Helena behandla bryskt og brutalt av ektemannen sin, kong Menelaos, som ho er tilbake hos etter sidespranget med prins Paris i Troja. Hos Homer held ho hoff heime i Sparta, og når ho klandrar seg sjølv for å ha sett i gang Trojakrigen, seier Menelaos at det skal ho ikkje bry seg om, for alt saman var gudane si skuld. Han har elles all grunn til å halda seg inne med dronninga si, for ho er dotter til Zevs, og som svigerson vil Menelaos sleppa å fara til Hades når han døyr, slik alle andre menneske må. I staden skal han få følgja med Helena til Elysion. Alle rike kvinner har eit lagerrom med reine klede til bruk både av husets folk og til gjester. Når Telemakos, son til Odyssevs, kjem til Sparta på leit etter far sin, blir han straks sett i badebalja og tildelt ein ny habitt. Det inneber omfattande produksjon og vedlikehald av tekstil, og det finst knapt noko verk i verdslitteraturen som held klesvasken så høgt i ære som Homer.

Alltid like dum

Omslaget på «Trump og filosofene» er ei satirisk teikning av Marvin Halleraker på grunnlag av «Tenkeren» av den kjende bilethoggaren Auguste Rodin. I staden for ein traust arbeidsmann som sit og funderer på ein stein, sit der ein vrang og gretten Donald Trump på klosettet, ute av stand til å skilja mellom privat og offentleg og full av skit som han er. Boka er skriven av Lars Fr. H. Svendsen og har undertittelen «Hvordan et studium av historiens minst filosofiske mann kan lære deg forbløffende mye om filosofi». Heile førti meir og mindre kjende tenkjarar frå Platon til Richard Rorty er blitt vekte til live for å vurdera prestasjonane til presidenten i USA som statsmannskunst. Som ventande er, dumpar Trump same kva karakterskala han blir mælt mot.

Undset- paradokset

Sigrid Undset blei fødd i 1882, i ein forskarfamilie der mora hjelpte faren med å laga plansjar til dei arkeologiske førelesingane hans. Dei tok henne med til universitetet før ho kunne gå, og det første ordet ho sa, skal ha vore «skafthulløks». Det gav henne ein kulturell kapital som kom vel med sidan. Ikkje så med barna til Paul Selmer i «Gymnadenia» (1929) og «Den brennende busk» (1930). Trass i at mor hans er like framstegsvenleg som begge Undset-foreldra til saman, eller kanskje snarare på grunn av det, søkjer han mot ein gamalvoren katolisisme der kvinnene har det best når dei får vera heime med barna. Når kona rømmer frå ekteskapet, skuldar han på synd og forfall i samfunnet, og prøver å bøta på det med bøn og faste. Han tek ofte ungane med i kyrkja, men aldri på jobb, endå han har ei leiande stilling i steinbransjen og kunne ha gjeve dei rennefart inn i geologien.