For dei av oss som reknar Edward St. Aubyns fem bøker om den forlorne rikmannssonen Patrick Melrose (1992–2012) blant dei førre tiåras beste tilskot til den britiske kulturkanonen, har millionspørsmålet i lengre tid vore: Når kjem han tilbake til det same glitrande nivået? At denne kvintetten sprang ut frå forfattarens eigne barndomstraume, som misbrukt og neglisjert barn av det britiske aristokratiet, gjev spørsmålet ei viss kulde – men så transcenderte også bøkene sjølve det personlege utgangspunktet med god margin. Med sine sylskarpe innsikter i det individuelle menneskesinnet, kombinert med kaustisk satire og ein konversasjonskunst av ei anna (men distinkt britisk) verd, posisjonerte dei opphavsmannen som den rette arvtakaren til forfattarar som Jane Austen, Oscar Wilde og Evelyn Waugh.
Flyplassprosa: Edward St. Aubyns nye roman er full av tankar, men manglar dem empatiske nerven.