Under andre verdskrig blei far min kjend med ein tysk smed. Utpå hausten ti år seinare drog han sørover på vitjing i ein landsby i Nord-Tyskland, i hatt og garbardinfrakk og med kjeledressen i pappkofferten. Landskapet var endå flatare enn Jæren, men å bli ønskt velkomen inn i mursteinshuset til Heinrich og Mimi var merkverdig ærefullt.