Feminist javisst

Bygdepride

For ti år sidan ville eg ledd meg skakk. Men no er me her.

FLAGGET TIL TOPPS: Hadeland Pride, eit av mange lokale initiativ landet over. FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN John Trygve TollefsenFLAGGET TIL TOPPS: Hadeland Pride, eit av mange lokale initiativ landet over. FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN John Trygve Tollefsen

No laurdag for ei veke sidan var eg så heldig at eg fekk rusle i strålande sol og lun seinsommarvarme gjennom gatene i vesttelemarksbygda Fyresdal. Eg, tre gode vener, og cirka tusen andre var samla for å gå i pridetog der. Fyresdal er ei vakker bygd som dessverre fram til no nok har vore mest kjend som fødestaden til den norske naziføraren Vidkun Quisling. Det finst vel ikkje mykje att av han no, men det vesle som er, må ha rotert godt i historias søppelfylling for ei veke sidan. Bygda var pynta med homoflagg og med flagga til alle dei nærskylde tiltaka. Ein godlynd flokk vaia gjennom gatene, eller gata da, og arrangørane fekk det uventa problemet at det ikkje var plass til oss alle, slik at toget til slutt likna på ein slange som kveilte seg rundt seg sjølv.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Feminist javisst

Kvinner og nyfødte fortjener mer enn et «fød-og-reis»-system.

Høiby-saken er et skole­ek­sempel på dehu­ma­ni­sering av kvinner.

Praid er blitt seksu­ali­sert, blir det sagt. Ein kan like godt skulde kristen­domen for å vere prega av religion.