For 58 år siden ble det mange ser for seg som en rød telefon koplet opp mellom Kreml og Det hvite hus. Følgelig ble erkefiendene John F. Kennedy og Nikita Khrustsjov de første statslederne som kunne ta i bruk «The Moscow–Washington hotline» – i virkeligheten en fjernskriver som seinere ble erstattet av en faksmaskin.
For ti år sidan ville eg ledd meg skakk. Men no er me her.
Bygdepride
No laurdag for ei veke sidan var eg så heldig at eg fekk rusle i strålande sol og lun seinsommarvarme gjennom gatene i vesttelemarksbygda Fyresdal. Eg, tre gode vener, og cirka tusen andre var samla for å gå i pridetog der. Fyresdal er ei vakker bygd som dessverre fram til no nok har vore mest kjend som fødestaden til den norske naziføraren Vidkun Quisling. Det finst vel ikkje mykje att av han no, men det vesle som er, må ha rotert godt i historias søppelfylling for ei veke sidan. Bygda var pynta med homoflagg og med flagga til alle dei nærskylde tiltaka. Ein godlynd flokk vaia gjennom gatene, eller gata da, og arrangørane fekk det uventa problemet at det ikkje var plass til oss alle, slik at toget til slutt likna på ein slange som kveilte seg rundt seg sjølv.
Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Hanne Linn Skogvang og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.