Synet på fortida er forma av dei forteljingane me alltid har høyrt.
Solveig Aareskjold, forfattar
FENGSLA: Ingeborg sat i kvinnefengselet i Kristiansand for mordet på ektemannen. Her frå England. FENGSLA: Ingeborg sat i kvinnefengselet i Kristiansand for mordet på ektemannen. Her frå England.
Då Alexander Kielland var i tjueåra og i ferd med å peila seg inn på forfattaryrket, budde det eit ugift eldre par i eit hus med mange rom i Stavanger sentrum. Mannen heitte Bendix og hadde ein skreddarverkstad som gjekk svært godt. Sambuaren Ingeborg hjelpte til med drifta, for sjølv om ho ikkje hadde fagbrev, var ho kvikk i hovudet og flink med hendene. Ingen av naboane laga oppstyr om den uavklarte sivilstanden, og styresmaktene blanda seg heller ikkje inn.