Samaritanens miskunn kvilte på at han kunne betale seg ut av hjelpetjenesta.

Den miskunnsame samaritan

OMSUT: Samaritanen måla av Pieter Lastman, omlag 1612–1615. ILLUSTRASJON: WIKIMEDIA

Det første eg skal kommentere når eg i dagens søndagsskulespalte tar opp uttrykket «den miskunnsame samaritan», er at dei fleste, også nynorskbrukarar, kjenner uttrykket på bokmål – den barmhjertige samaritan. Det andre eg skal kommentere, er at det er eit altfor kjent uttrykk, det er ikkje naudsynt å forklare det, alle veit kvar det kjem frå. Og om nokon no skamfullt må medgi at dei ikkje veit kor det kjem frå, så frykt ikkje! Eg viser dykk miskunn og forklarer uansett, og sanneleg, det seier eg dykk, det er de som får stjerne i dag, for denne ærlegdomen og audmjukheita. Det blir ikkje noko stjerne i boka til alle dei betrevitarane som kjenner uttrykket, for veit dei heile soga frå før?

Bokmagasinet