Filmskaparane har følt stort ansvar, men det understrekar ikkje alltid det historiske alvoret.

Allmenn­gjering tilslører

26. NOVEMBER: Arrestasjonane av norske jødar vart utført av norske politimenn i norske drosjar. Denne sannkjenninga er noko av kjernen i «Den største forbrytelsen». © FOTO: NFD

Forventningane har vore mange og sterke til filmatiseringa av «Den største forbrytelsen». Å venta at den første spelefilmen om Holocaust i Noreg skulle bli noko anna enn eit solid, men konvensjonelt fortalt historisk drama, ville vore urimeleg, og kanskje uklokt. Ein kan likevel stilla spørsmål ved kvifor lagnaden til familien Braude er sett gjennom ei teleskoplinse, som gjer at den (inter)nasjonale, politiske konteksten i Marte Michelets bok blir fortrengt, og drivkreftene bak dei konkrete hendingane innforstått.

Kultur