Solveigs salt

Rom eg går inn i

Det som er herleg for auga mine, er like herleg når eg ikkje ser det.

I dei gamle jærhusa var det to ytterdører, ei mot tunet, fjøset og låven, ei anna mot hagen. Dei kalla henne gatedøra, endå det aldri hadde vore noka gate utanfor, berre ein hellelagd gang bort til ein liten port i steingjerdet ut mot bygdevegen. Sidan skifta dei om til ein annan byggjeskikk. Frå no av måtte alle som ville ut i hagen, først runda to trekkfulle hushjørne. Eg har ofte tenkt at barndomsheimen min ville vore mykje meir harmonisk dersom me kva tid som helst kunne ha opna ei dør i daglegstova og gått rett ut i solskinet i graset og skuggen under trea.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Klassisk danning

Gamle bøker kan gje kraft og kveik sjølv om dei står på pensum i ein skule som ein er nøydd til å tvinga seg gjennom. Den antikke litteraturen som latinskuleelevane må lesa i romanen «Gift» av Alexander Kielland, er ille medfaren av dårlege lærarar, og kan endå brukast til fri improvisasjon i friminuttet, der gutane frå dei lågaste klassane, «stinkdyrene», skal ha tyn for at dei har mobba lille Marius. No sit han og kneisar på akslene til store sterke Abraham i spissen for ein hær som skal hemna seg på fienden med knallharde slyngekast med krittbitar frå tavla. Uheldigvis hamnar rektor i skotlinja og blir råka midt i magen. Sidan dette er noko som skjer i den verkeleg strenge gamle skulen, kunne det sett stygt ut om ikkje Marius på sitt rørande og hjartevinnande vis hadde tilstått at han leika at han var «den vrede Achilles». Rektor svarer at «ja du ser meg ut til det; det er just således jeg bestandig har forestilt meg ham», og må gå bort til vindauget for at dei ikkje skal sjå at han ler. Likevel ser han ikkje kor fint det viltre rollespelet kunne vore integrert i undervisinga, og oppfattar det berre som eit brot på disiplinen, sjølv om han med si klassiske utdanning burde ha kjent att heltane frå Iliaden i dei krigerske elevane sine, berre at det er Abraham som er Akilles, mens Marius er bestevenen Patroklos. Den skulen som rektor herskar over, er basert på blind lydnad og pugging av grammatiske ramser, som Marius meistrar svært godt når han kjenner seg trygg, men går seg vonlaust vill i når han er usikker. Så får han adjunkt Aalbom til latinlærar, og Aalbom kjeftar og rettar på han til han fell i uvit mellom pultane.

Helgen­kongen

Eitt år og fem dagar etter slaget på Stiklestad stod ei samling med storfolk og såg ned i kista til Olav digre, der loket nettopp var blitt teke av. Dei fleste syntest at han såg ut som han låg og sov, så raud var han var i kinna, og at hår og negler hadde vakse som på eit levande menneske. Berre den danske Alfiva meinte at det var fordi liket var grave ned i sand og ikkje i mold at det ikkje var meir oppløyst. Då tok biskop Grimkjel fram ei saks og stussa håret og mustasjen på den døde, så alle skulle forstå at det hadde skjedd eit himmelens mirakel. Dette er fortalt i eit avsnitt i dei norrøne kongesogene der Snorre Sturlason glimtar til med skarpt tvisyn i ein tekst som elles er prega av sjølvsensur og frykt for represaliar: Det får så vera at Alfiva er ein framand inntrengjar som ingen liker, i denne stunda hevdar ho sunn fornuft mot autoritær religiøsitet, og viser seg like vitskapleg orientert som jomsvikingane då dei nytta si eiga halshogging til å finna ut om dei hadde medvit når hovudet var av. Straks etter renn han over med ukritisk helgenforklaring, tilsett som kongeleg propagandaskrivar som han var. Alfiva var gift med danskekongen og hadde teke styringa over Noreg saman med son sin, kong Svein. Ved uforsvarleg auking av skattetrykket hadde dei gjort seg så upopulære at nordmennene langt på veg hadde gløymt kor inderleg dei avskydde Olav digre den tid han drog landet rundt og torturerte og lemlesta dei for å tvinga dei til å bli kristne.

Hos keisaren

Etter at den vestre delen av Romarriket hadde falle frå einannan, stod austdelen ved lag i meir enn tusen år, ein avansert sivilisasjon som verka sterkt inn på den norrøne kulturen. Her til lands har det likevel vore påfallande lite interesse for denne sida ved fortida. Så det kjem vel med at professor Christine Amadou no har gjeve ut «Bysantinerne. Den lange historien». Det austromerske eller bysantinske riket, alias det gresk-ortodokse keisardømet, hadde Balkan og Anatolia som kjerneområde, men fordi der alltid var krig med nabofolka, auka og minka det dramatisk frå hundreår til hundreår. Hovudstaden var storbyen Konstantinopel ved innsiglinga til Svartehavet, som folk her i nord kalla Miklagard då han var på sitt mest kraftfulle, og tyrkarane forkorta til Istanbul då dei erobra han i 1453. På den tida var det berre restane att, for han var nær på blitt lagd i grus av eit korstog som gjekk av sporet i 1204, eit årstal som Amadou ofte vender tilbake til.