Homer på heimemaal

Christine Amadou har ein interessant og opplysande artikkel om tidlege omsetjingar av Homer til norsk i Klassekampen 8. juli. Ho skriv òg om omsetjingane i ljos av språkstriden i Noreg. Altså mellom riksmål og nynorsk. Arne Garborg er Homer-omsetjar av rang med si autoritative omsetjing av «Odyssevskvædet»i 1918. Nestoren på riksmål er rektor Peter Østbye. Amadou skriv om omsetjinga hans av Illiaden i 1920. Merkeleg nok nemner ho ikkje at han òg gav ut ei omsetjing av «Odysseen», i 1922. Kan det då vere tvil om at denne er i språkpolitisk tevling med omsetjinga til Garborg?

Debatt