Dunk, dunk, dunk, svusj, svusj. Dunk, dunk, dunk, svusj, svusj. Det var lyden av bestahuset. Det var lyden av arbeid. Av tradisjon. Stoltheit og kultur. Besta vov bunadsband for husfliden i Vinje. Time etter time, dag etter dag vov ho dei tre meter lange smale banda i raudt, grønt, gult og grått. Ho var dyktig. På 17. mai ser eg på mine sambygdingar og tenkjer at der, slynga rundt midjer av ulik storleik, lever arven etter besta vidare. Ho har skapt noko kjært som folk tek fram på dei største festdagane år etter år i generasjonar.
Eit tips for å trosse kapitalismen: Ring din næraste husflid.