Den 48. norske filmfestivalen skal først arrangerast på seinsommaren i Haugesund (14. til 21. august), men festivalleiinga fryktar at alle reiseforbod og forsamlingsrestriksjonar ikkje vil bli oppheva innan då. Den internasjonale marknadsdelen av festivalen, New Nordic Films, planlegg difor ei delvis digital avvikling. Programsjef for New Nordic Gyda Velvin Myklebust seier «work in progress» til nordicfilmandtvnews.com og at co-produksjonsmarknaden vil bli tilgjengeleg på ein lukka nettplattform. Også pitche- og produsentmøter kan skje i onlineforum. Endelege avgjerder om arrangementet vil bli tatt seinare.Guri Kulås