Fredrik Tønnesen 15. nov.
Ei fattig trøyst Det var ei tid, som eg så vidt kan minnast, då Posten var kjend for to ting. Fyrst var dei ekstremt pålitelege, nest var dei ekstremt trauste. Om du så valde å busetta deg på den mest vindutsette vesle knausen ein finn i dette landet, kunne du vera sikker på at postbodet kjempa mot vêr og vind for å koma fram til deg med Coop sitt tilbodshefte.
Men så var ikkje Posten så kule heller, ikkje at dei trong vera det. Ein visste at breva hamna i postkassa, ein visste kva posthornet representerte, og ein visste at den lokale postmannen mest sannsynleg ikkje var han som inviterte oftast på fest. Heilt greitt.
Så skulle ein konkurranseutsetja tenesta. Monopolet til Posten blei oppheva, og dei byrja i større grad å operera etter marknadsprinsipp heller enn samfunnsomsyn.