Dagboka

Nytt år

Sola har snudd, jula er over og eit nytt år ligg føre oss. Væpna til tenna med nyttårsforsett, og ein god dose sjølvbedrag, skal alt bli mykje betre. Erna Solberg røpte sine nyttårsforsett til NRK før helga. Det viktigaste for henne viss ho blir statsminister, sa ho, er å få eit nytt klima... for næringslivet. Difor vil ho fjerne skatt på aksj... orsak, «arbeidande kapital». Andre klimaendringar, du veit, dei som trugar eksistensen vår, sa ho ikkje noko om.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Dagboka

Toget

Det morsomme med den norske nasjonaldagen er at den er barnas dag. For å stave det ut: Barna er representanter for framtida og freden og er sammen med flagg og korps symbol på folkestyre og frihet. Målet med dagen er nettopp de mer eller mindre gode talene på skoleplassen og en rørt klump i halsen, før utskeielser i form av is, brus og pølse, tre kakestykker for mye og sju tombolabilletter til. De siste årene kan det virke som om dagen har fått en annen valør, i tillegg til barnetog og hurrarop. Nå er den også de eldre barna og voksnes dag, som heller enn skrapelodd vil ha alkohol. Folkevalgte har gjennom våren hatt debatter om skjenketider og stemt fram servering fra tidlig om morgenen, slik at alle rekker å få i seg øl og sprit før barna har gått hjem. Og det konsumeres.

Tu­rist­skatt

Den største kommunen i turistmagneten Lofoten vurderer å måtte si nei til turister. Årsak: manglende turistskatt. Før sommeferien skal Stortinget ta stilling til om det skal innføres en 3 prosent skatt på overnatting på hoteller, Airbnb, privatutleie og liknende. Cruiseskip og campingvogner/biler er visstnok foreløpig utelatt. Mange kommuner er for en slik skatt, mens næringslivet er i stor grad mot. Meningen er at kommunene skal få denne inntekten for å legge til rette for turisme. Det dreier seg om turstier, toaletter, skilting, parkeringsplasser og annet vertskapet mener er nødvendig. Nå frykter Vågan-ordførerVidar Thom Benjaminsen (H) at det ikke blir flertall i Stortinget for denne ekstra skatten.

Bygda

I boka «Soga um Lothe» skildrar forfattar Anders Lothe bygda Lote i Nordfjord på attenhundretalet, og han kallar det eit anarkistisk-kommunistisk samfunn. I det vestnorske bygdemiljøet på attenhundretalet var det ingen som hadde meir enn andre, og alle var like mykje verdt. Medan bondesamfunna over mest heile verda på den tida var djupt hierarkiske og undertrykkjande, var alle på Lote sjølveigande og frie bønder, og alle tok vare på kvarandre i ein sterkt kollektivistisk kultur. Om du tek ein løpetur nordover frå Lote, går det berre nokre timar før du kryssar grensa til Sunnmøre og Volda. Der vart det i helga skipa til pridefestival, og det dei kallar for bygdepride har vorte eit symbol på kor langt frigjeringa av skeive folk har kome på bygda. I avisa Møre kan vi likevel lese at helga også vart prega av at eit tosifra tal regnbogeflagg vart rivne ned frå flaggstengene i det som kan verke som ein slags protest. Stalin såg på dei russiske bøndene som ein klasse som var så konservative at dei fyrst og fremst var ei hindring for revolusjonen, men dei norske bøndene har teke til seg progressive haldningar raskt. Dei som reiv ned regnbogeflagga, var nok få, og er ikkje eit uttrykk for noko som helst.