Det finst mange gode grunnar for ikkje å lesa «Karamasovbrørne», det siste verket til den store romanforfattaren Dostojevskij, for det er både langt, gamalt og tungt lasta med forelda synspunkt på religion og moral: Dersom ikkje Gud finst, finst det verken synd eller dygd. Dersom sjela ikkje er udøyeleg, er alt tillate. Ingenting av dette er store spørsmål lenger, i og med at dei moderne, verdslege demokratia har mykje større rettstryggleik enn land med omfattande gudstru.
Først og fremst formaner han dei om å ta vare på minna frå barndomen.