Solveig Aareskjold 18. jan.
Hageselskapet Eit år hadde me ein utvekslingselev frå Thailand til familiemedlem. Det var ei kulturell oppdagingsferd både for henne og oss, stort sett til felles glede, men med ein og annan snublestein. Då eg prøvde å dela eitt av dei kjæraste barndomsminna mine med henne, om då farmor tok meg med til fødselsdagen til si eiga faster, reagerte ho med den brå latteren som ho alltid tydde til når ho blei konfrontert med noko som ho tykte var heilt absurd. For ei bestemor kunne vel ikkje reisa nokon stad, enn seia ta med seg barnebarnet! Det var som om huset vårt plutseleg skulle gje seg på vandring med oss om bord.
Hadde jenta vår høyrt heime i Russland, ville nok ikkje tanken på eit vandrande hus vore altfor framand, i alle fall ikkje dersom ho kom frå ein familie som var fortruleg med Baba Jaga, den mytiske urbestemora. Baba Jaga bur i ei hytte på hønseføter som sviv rundt i eit eventyrleg skumringsland, og ho kan flyga gjennom lufta på ein sopelime eller i ein mortar av tre. Sjølv om ho kan vera snill viss ho vil, er ho nær i slekt med heksa i kakehuset, ho som nesten åt opp Hans og Grete.