SLAKTA: Havbruksnæringa hentar ut ein ekstraprofitt på 20 milliardar kroner i året. LO meiner det trengst for å halde på og utvikle arbeidsplassar i Noreg.
Driftsmarginane i oppdrettsnæringa har dei siste ti åra i gjennomsnitt vore nær fem gonger høgre enn i industrien. Likevel vil LO-representanten i lakseskatteutvalet, Grethe Fossli, ikkje ha ei ekstraskattlegging slik fleirtalet i utvalet ønskjer.