Ei historie om kostnadssparing og to Boeing 737 Max-fly som styrta.

Dødeleg konkurranse

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Den 29. oktober 2018 styrta eit fly av typen Boeing 737 Max i havet ved Indonesia. Den 10. mars 2019 styrta endå eit fly av den same typen ved Addis Abeba. 346 menneske omkom i dei to ulukkene. Havarikommisjonar og juristar vil sikkert i ei lang framtid arbeide med å klare opp ulike detaljar ved desse katastrofane. Men særleg takka vere artiklane til flyspesialisten Dominic Gates i Seattle Times og gravearbeidet til journalistar i det tyske nyhendemagasinet Der Spiegel (3. august 2019, side 10–25) er allereie viktige aspekt ved forhistoria til dei to katastrofane blitt grundig dokumenterte.

Kron og mynt