Kva betyr det at nokre typar kapital «arbeider»?

Retorisk tilsløring

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Den offentlege debatten om politisk-økonomiske spørsmål er rikeleg pryda med erstatningsuttrykk og utslitne frasar. Av og til kan denne praksisen bidra til avklaring, men ofte verkar det som at intensjonen heller er å kamuflere eller legitimere kontroversielle prosjekt, saksforhold eller særinteresser. Ein strategi kan vere å lage nye ord eller uttrykk for å oppnå dette formålet. Mitt ærend her er å sjå litt på denne strategien. Men la meg først nemne ein nesten motsett strategi, som går ut på å bruke eit omgrep så hyppig at det taper stadig meir si opprinnelege meining.