Det nye omsetjarleksikonet gjer kontekst og innsikt om verdslitteraturen på norsk.

Rundt teksten

Språkleg kratt: Dante går seg vill. ILLUSTRASJON: GUSTAVE DORÉ

I løpet av vintermånadane 2017–2018 fekk norske lesarar tilgang til to nye utgåver av Dantes «Inferno», omsett av Erik Ringen og Asbjørn Bjornes. «Jeg skjelver når jeg tenker på hvor stort dette arbeidet har vært, og hvor utakknemlig det er å fullføre en slik oppgave», skreiv Dante-kjennar Trond Berg Eriksen om Ringens versjon i Morgenbladet (9.2). To omsetjarar strevar altså i årevis med kvar sine versjonar av den same teksten, berre for å møte kvarandre på oppløpssida og kive om merksemda til lesarane. Det åleine kan understreke poenget om omsetjarens utakknemlege oppgåve.

Kommentar