Naiv nerdeiden­titet og nostalgi

Finne-seg-sjølv-tematikken tek plass allereie frå første frase på «Eg ska», debut-ep-en til stavangerbandet TØFL, og held fram som fem spor med eit naivt skråblikk på barndom, utanforskap og identitet. TØFL speler farleg fengande indiepop på rogalandsdialekt. Både tekstuniverset og gitarriffa kan minne om eit meir strigla og musikalsk skulert tidleg Kakkmaddafakka.

Musikkmagasinet