HELSE: Kvar fjerde elev som må nytte skuleskyss, har fysiske plager av skyssen, særleg om han er lang. Overvekt kan vere ei av følgjene.
Ved haldeplassen på Sagstad i Bergen står Fabio og Karen Aarland og ventar på bussen i lag med barne- og ungdomsskuleelevar i bygda. Yngstemann Fabio skulle framleis ha gått på Nordvik skule, som ligg berre eit steinkast unna, men bystyret i vestlandshovudstaden ville det annleis.