«Inn i varmen, milevis unna den urbane metoo-eliten.» Slik blei eit NRK-innslag frå Sunndalsøra om tidlegare Ap-nestleiar Trond Giske introdusert denne veka. Eg bur i landets største by. Eg arbeider som politisk journalist. Og eg er motstandar av seksuelle overgrep og uønskt seksuell merksemd. Det bør vel kvalifisere som medlem av den urbane metoo-eliten? NRK har orsaka setninga, men uttrykket har festa seg. Det kom frå ein plass.