Dramatikar Finn Iunker har reinska vitnemåla til israelske soldatar for kontekst. Då står reine overgrep att.
Vedkjenningar av synd
BøkerGuri Kulås (tekst) og John Trygve Tollefsen (foto)
– All skriveteknikk handlar om å få lesaren til å sjå verda, seier Finn Iunker. Han er ute med boka «Stemmer fra Israel».
– Vitnemåla til israelske soldatar frå Vestbreidda og Gaza interesserte meg ei god stund, før eg «høyrte» at dei kunne bli røyster i teatret og kanskje særleg i Radioteateret: Nakne røyster i eit nake medium.