NATUR

Ein ny haust

MATAUK: Sankinga vert sett på som meir moralsk bruk av tid enn det som berre aukar forbruket, trur forskarane. Kjelde: Gul kantarell frå boka «Coloured Figures of English Fungi or Mushrooms» av James Sowerby (1797–1809)

Michelin-kokkar og klimasnakk har fått forbrukarbevisste nordmenn ut i skogen.

Aktiviteten som tidlegare tilhøyrte besteforeldre og turentusiastar, har no fått både Oslo-hipstarar og bornefamiliar til å setje seg på huk mellom hausttrea. Nordiske trendrestaurantar og auka miljøbevisstheit har lokka den moderne viking tilbake til soppklyngene og bærbuskane.

Moderne tider