Ny bok granskar bilda som media skaper av kurdiske kvinnesoldatar og Natos frigjering av afghanske kvinner.
– Krigsforteljingar er ikkje berre historier om maskuline røynsler, ambisjonar og tap. Noreg har kjønnsnøytral verneplikt, Nato-strategiane legg vekt på likestilling og kvinner er krigsreporterar på line med menn, seier Berit von der Lippe til Klassekampen.