JULEFRED: Norge vil avstå frå å provosere Kina politisk, men har ikkje beklaga fredsprisen til Liu Xiaobo. Laksenæringa og Børge Brende er vinnarane når forholdet til Kina no fell på plass.
Fellesfråsegna mellom Norge og Kina som utanriksministrane Børge Brende og Wang Yi signerte i Beijing i går, er eit diplomatisk kompromiss som har tatt fleire år. Forholdet blir normalisert utan at nokon går på akkord med sine hovudprinsipp.