INGEN KUTTFEST: Høgre bør ikkje ha kutt i formuesskatten som sin hovudprioritet i statsbudsjettet for 2016, meiner ei rekkje fylkesleiarar.
I årevis har Høgre-toppane vore krystallklare: Formuesskatten skal bort. No viser Klassekampens ringjerunde at berre éin einsleg fylkesleiar meiner formuesskatten bør vere ein hovudprioritet for Høgre i haustens statsbudsjett.