TERNINGEN ER KASTA: I KrF er det stor frustrasjon over at Thorhild Widvey vil spele rulett med Norsk Tippings monopol. – Ryk einerettsmodellen, har vi null kontroll, seier KrFs Geir Bekkevold.
Nok ei sak set samarbeidet mellom KrF og den blåblå regjeringa i spel: Regjeringa vil opne for at fem frivillige organisasjonar skal få drive med pengespel for opptil 1,5 milliardar i året. Fordi dei berre treng støtte frå Venstre for å få fleirtal for liberaliseringa, er KrF i praksis spelt sjakk matt.