Kunst av kvinner er sterkt underrepresentert også på offentlege kunstinstitusjonar i Noreg:
Få kvinner på musea òg
KunstMaria Pile Svåsand (tekst) og Øystein Haara (foto)
Ikkje berre private galleri har overvekt av kunst lagd av menn. Det gjeld òg offentlege institusjonar. Noko må gjerast, meiner Karin Hindsbo, direktør for KODE i Bergen.
– Musea har eit stort ansvar. At kunstnarane vert innkjøpte og viste fram hos oss, gir dei vidare ein verdi på den private marknaden, seier direktør ved Kunstmuseene i Bergen Kode, Karin Hindsbo.