PRIVATISERING: Fagforeiningsleiarar i NSB og Jernbaneverket reagerer sterkt på privatiseringsframlegg frå konsernsjef Geir Isaksen i NSB.
Konsernsjef Geir Isaksen i NSB presenterte i går framlegg til omorganisering av jernbanesektoren til to nye aksjeselskap. «Norsk Jernbane AS» skal liggja under Samferdselsdepartementet og ha ansvar for «den totale jernbaneleverasen», det inneber utbygging og drift av jernbanen. «Transportselskap AS» skal ha ansvar for tog og Nettbuss. Norsk Jernbane AS skal kjøpa persontogtenester frå Transportselskap AS, eit kommersielt selskap med mål om lønnsemd og avkasting i selskapet. Det skal liggja under Nærings- og handelsdepartementet.