Søt barnekløe – sur vaksensvie

«Kvifor har ingenting i denne fabrikken noko føremål?», spør Mike Teve.«Godteri treng ikkje å ha noko føremål – det er difor det blir kalla godteri!», svarar Charlie Bucket.«Nettopp!», ropar Willy Wonka.Barn elskar søtsaker og barn elskar bøkene til Roald Dahl. Dei to tinga heng i hop som nøtter og Nugatti. Livet igjennom delte nemleg Roald Dahl barn sitt omvendte ernæringsideal. I «Charlie og sjokoladefabrikken» prisa han framstillinga av sjokolade som den viktigaste og mest attråverdige tingen i verda – stikk i strid med alle formyndarnormer. Den slags var ikkje gjengs i barnelitteraturen på byrjinga av 1960-talet. Det er vel ikkje særleg lødig i dag heller, når verdi blir målt etter glykemisk indeks. Det er også mykje anna med Dahls barneforteljingar som har opprørt vaksne forståsegpåarar.

Innenriks