Draumen om Hollywood

Det er 20 år sidan «Orions belte» tende vona om ein profesjonell, norsk filmbransje – som kunne tena pengar. No er filmen her på DVD.

«Brakgjennombrudd for profesjonalisme» var bransjebladet Film&Kino sin dom, då Ola Solums actionthriller «Orions belte» hadde premiere i 1985.Dette var midt under dei lange, harde åra – då publikum ignorerte- og kritikarar massakrerte norske filmar. «Orions belte» fekk overveldande positive kritikkar. Publikum gjekk mann av huse og gjorde filmen til ein av våre største kassasuksessar.

Innenriks