«Globaliseringen er kommet for å bli». Milliardær George Soros, The Observer, 06.05.2001 «Globaliseringen er kommet for å bli». President Bernd Gottschalk i det tyske forbundet av bilprodusenter, Dagens Næringsliv 01.02.2001«Globaliseringen er kommet for å bli, og vi kan ikke mure oss inne». Arne Finborud i Dagbladet, 25.09.1999«Globaliseringen er nok kommet for å bli, men den må styres». Gerd-Liv Valla, Aftenposten, 01.12.1999«Det er naivt å tro at globaliseringen er kommet for å bli». Francis Sejersted, Aftenposten, 12.03.1998Han var ein stridens mann. Pierre Bourdieu gjekk inn der han fann dei mest brennande spørsmåla for det franske samfunnet. På 1950-talet var det frigjeringskrigen i Algerie, så han flytta til Algerie. På 1990-talet var det nyliberalismen. Den kampen stod han i fram til han gjekk bort, natt til 24. januar for eitt år sidan. Artikkelen om «Nyliberal nytale» stod i den franske utgåva av Le Monde Diplomatique i mai 2000:«I løpet av få år, i alle dei avanserte samfunna, har arbeidsgjevarar, internasjonale embetsfolk, høgare tenestemenn i staten, medieintellektuelle og høgtflygande journalistar alle byrja snakka ein underleg Nytale. Vokabularet, som verkar springa fram ingen stad ifrå, er på alles lepper». Teksten er signert Pierre Bourdieu og den 30 år yngre sosiologkollegaen Loïc Wacquant. «Mental kolonisering», skriv professorane. Dette er intellektuell forsvarskrig. Kolonimakta er USA. Vokabularet som koloniserer tenkinga er ord som «ny økonomi», «fleksibilitet», «null-toleranse» og «globalisering». Resultatet blir ein generell og spontan «Washington konsensus», spesielt i økonomiske spørsmål, hevdar dei.